8. jan, 2016

Foreldreansvar når born treng vern mot skulen

MARTA STRAUME, mamma m/ hovedfag i pedagogikk og lang lærerpraksis

Ei 13 år gammal jente døyr i armane på mora som ringjer etter hjelp. «Hjelpa» kjem. Mora vert straks arrestert og sikta for omsorgssvikt med døden til følgje. Denne «nyttårsbodskapen» trengjer inn i alle heimar gjennom ulike media. Dei første dagane i det nye året teiknar politiet og media eit frykteleg bilete: eit utsvelt barn, omsorgssvikt med døden til følgje.

 Det går kaldt nedetter ryggen på mange av oss: Kunne denne mora vore meg? Kanskje det?

For 20 år sidan gjorde eg ferdig hovudfagsarbeidet mitt i pedagogikk: «Foreldreansvar når born treng vern mot skulen». Arbeidet hadde bakgrunn i eigne erfaringar i møte med systema når born vart mobba på skulen. Den gongen let ikkje barnevernet seg bruka slik eg har sett dei gjer i dag. Men om dei det hadde gjort, ville ei melding frå skulen ført til undersøkingar i heimen vår, ikkje på skulen. Her heime ville barnevernet funne ei sliten og motlaus mor etter mange års kamp for borna som vart mobba. Dei ville funne born som var redde for å gå på skulen, som hadde dårleg matlyst og ofte var sjuke. Dersom barnevernet hadde gått vidare og spurt skulen, ville dei fått høyra at borna hadde tilpasningsvanskar, og foreldra, særleg mora, var det svært vanskeleg å samarbeida med.

 Mykje stod på spel: Eg var redd for både liv og helse til borna. Det var ein einsam kamp som tok alt eg hadde av mot og krefter. Løysinga vart til slutt heimeundervisning (At foreldra underviser borna sine sjølve er og har alltid vore lovleg i Noreg).

 Spørsmålet som tvinga seg fram, og som tvingar seg fram no, er: Kven er det born kan venta seg vern av? Kven skal beskytta barnet? Alle instansar påberopar seg gode hensikter: «Barnets beste». Alle har eit lovverk og meiner dei følgjer det. Likevel kan situasjonen for barnet og heimen bli verre.

 Kven skal verna barnet?

Barnelovutvalet som laga utkastet tilBarnelova (Lov om barn og foreldre av 8. april 1981 nr 7) ville gje eit svar på det i «Innhaldet i foreldreansvaret» (Bl §30). Paragrafen skulle gjeldaved utforminga av politikken på andre samfunnsområde og, og ved utøving av offentleg makt (NOU 1977: 35 s 46):

 Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve (....).

Foreldreansvaret skal utøvast utfrå barnet sine interesser og behov. Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.

Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir urtsett for skade eller fare. (...)

 Ved vedvarande mobbing blir den psykiske helsa utsett for skade eller fare. Barnelova gjev foreldre rett og plikt til å verna barnet når mobbeproblemet ikkje vert løyst. Heimeundervisning har vore løysinga for ein god del foreldre i slike høve. I arbeidet som tilsynslærar for heimeundervisning gjennom mange år, har eg vore vitne til det.

 Samfunnet er sektorisert. Kvar sektor har «lys» over ein liten del av ein situasjon. Men summen av sektorane er ikkje ein heilskap og kan heller aldri bli det. I «mørkret» mellom sektorane sit ei mor/ein far og kjempar for barnet sitt. Eineforeldre er verst ute.

No går debatten om at dei ulike etatane må samarbeida betre. Det må bli meir informasjonsflyt mellonm dei uklike instansane som skal vera til hjelp for borna. Det vil gjera «rommet» til forelda endå mindre. Det truar foreldreretten og vil gje offentleg omsorg all makt. Kven skal då verna borna?